|
Offentlege utgåande dokument er tilgjengelege i fulltekst på postlista og kan lastast ned. Innkomne dokument er ikkje tilgjengeleg i fulltekst, men kan be om innsyn ved forespørsel til arkivtenesta. Svarfrist for handsaming av innsynskrav er 3 dagar. Har ikkje krevjar motteke svar innan 5 dagar vert det å rekne som avslag på innsynskravet. Framgangsmåte ved handsaming av innsynskrav: Mottak av innsynskrav – postmottak/arkiv Innsynskravet vert registrert i ACOS på sakshandsamar – arkiv Vurdering av kravet – sakshandsamar: Det er sakshandsamar si oppgåve og vurdere om eit dokument er offentleg eller eventuelt finne heimel for å gje avslag. Sakshandsamar/leiar vurderer endeleg svar i samarbeid med arkivtenesta. Dokument frå postlista vert registrert i ACOS og ekspederte av arkivtenesta med kopi til sakshandsamar. Avslag: Dersom det vert gjeve avslag på innsynskravet må ein vise til aktuell paragraf og opplyse om klagerett jfr. Off.lova §32. Bruk brevmal i ACOS – innsyn avslag. Hugs å send med klageskjema. Klage: Klage på avslag skal registrerast i ACOS. Sakshandsamar vurderar klagen så fort som råd er og seinast innan 3 dagar. Dersom klagen fører fram, vert klagesaka avslutta ved at innsyn vert gjeve. Oversending til Fylkesmannen: Dersom klagen ikkje vert teken til følgje, må sakshandsamar syte for at klagesaka vert førebudd og sendt vidare til Fylkesmannen for avgjerd. All korrespondanse i saka må leggast som vedlegg i oversendinga. |