|
Behandlingsansvaret i ei kommune ligg etter personopplysningslova til den øverste leiinga dvs. rådmannen. Det er imidlertid naturleg at områdeleiar står for den daglege leiinga for oppfylling av den behandlingsansvarlege sine plikter (kalt dagleg ansvar i meldeskjemaet). Den behandlingsansvarlige skal sørge for at personopplysningane som vert behandla:
- berre vert behandla når det er tillatt etter §§ 8 og 9 i Personopplysningslova.
- berre vert nytta til uttrykkeleg angjevne føremål som er sakleg grunngjeve i den behandlingsansvarlege si verksemd
- ikkje seinare vert nytta til føremål som ikkje er i samsvar med det opprinnelege føremålet med innsamlinga, utan at den registrerte samtykker.
- er tilstrekkelege og relevante for føremålet med behandlinga
- er korrekte og oppdaterte, og ikkje vert lagra lenger enn det som er naudsynt utifrå føremålet med behandlinga
Seinare behandling av personopplysningane for historiske, statistiske eller vitenskapelige formål ikkje er uforenlig med dei opprinnelege formåla med innsamlinga av opplysningane, jf fyrste ledd bokstav c, dersom samfunnet si interesse i at handsaminga finn stad, klart overstig ulempene den kan medføre for den enkelte. - personopplysningsloven - personopplysningsforskriften |