|
Tilvising/rekvisisjon frå lege (for born kan helsesyster, barnehage/skule tilvise) vert registrert i ventelistebok. Det vert oppretta ein papirjournal pr. pasient og desse vert oppbevart i låsbart skap på helsesenteret avd for fysioterapi. Papirjournalane er ordna etter etternamn. Journalnotat produsert på avdelinga vert berre lagra elektronisk i fagsystemet ProMed. I ProMed – elektronisk fagsystem, der me fører journal, vert det i tillegg registrert timebestilling og møtt/ikkje møtt til time. |