|
All bruk av aktivt arkiv skal gå via arkivtenesta og vere i tråd med kommunen sine post og ekspedisjonsrutinar. Arkivtenesta skal administrere det aktive arkivet og på førespurnad hjelpe sakshandsamar med å finne dei naudsynte dokumenta. Berre heile saksmapper skal lånast ut fra arkivet. Originaldokument skal som hovudregel ikkje lånast ut. All bruk av eldre avslutta materiale i kommun sitt bortsetjingsarkiv skal gå via arkivleiar i kommunen/verksemda som må registrere utlånet på ein forsvarleg måte. All bruk av eldre avsluttet materiale i kommunens/virksomhetens arkivdepot skal gå via den som er ansvarlig for depottenesta (arkivleiar). Sjå eige kapittel om arkivdepot Som ein generell regel kan seiast at dokument ikkje må fjernast i frå arkiva utan at det er lagt igjen eit utlånskort og registrert i sakshandsamingssystemet. Arkivlegging skal berre gjerast av arkivtenesta. |