Glemt Passord?

Adminsitrasjonshistorie

Den administrative organiseringa av kommunane har endra seg kraftig sidan kommunane fekk sjølvstyre i 1837. I starten var det gjerne ikkje noko fast kommunehus og arkiva vart halde heime hos ordføraren og andre nemndformenn. Lenge bestod gjerne ikkje den kommunale administrasjonen av meir enn ordføraren, ein formannskapssekretær og ein kasserer. Den enkelte nemndformannen førde gjerne sjølv møteprotokollen, postjournalen og handterte korrespondansen.

Det var ikkje før i etterkrigstida at storleiken på det kommunale administrasjonsapparatet verkeleg skøyt fart. Kommunalt tilsette tok seg i aukande grad av saksarbeidet og hadde på mange område delegert fullmakt til å fatta vedtak. Kommunane jobba i den aktuelle perioden ut frå kommunestyreloven av 1954. Denne loven gjaldt fram til kommuneloven vart innført i 1992. 

Kommunestyreloven, saman med ei rekkje særlovar, sørgde for ei standardisert oppbygging av landkommunane der alle hadde ein tilnærma lik organisering. Det var ingen sentral arkivordning i kommunane. Det var vanleg at kvart av dei store fagområda hadde sin eigen administrasjon. Sosialkontoret førde til dømes ein eigen postjournal for sosialstyret og andre utval knytt til sosialtenesta og arkiverte i sitt eige sakarkiv skilt frå dei andre funksjonane i kommunane. 

Kommunane hadde i perioden ei stort mengd nemnder og utval. Lovverket sørgde for at det var tilnærma like mange politiske utval som mengd kommunale oppgåver. På 1980-talet byrja mange kommunar å ta i bruk hovudutval der oppgåvene til fleire utval vart samla, men lovverket gjorde det vanskeleg å gjera for store endringar i nemndstrukturen.

I etterkrigstida vart det vanleg at dei kommunale arkiva vart organisert etter arkivnøklar. Den veksande kommunale administrasjonen og den aukande dokumentasjonsmengda gjorde at behovet for at arkiva vart organisert på ein oversikteleg og føreseieleg måte auka. Tidlegare fanst det ikkje nokon standard for korleis arkiva skulle byggjast opp og det var opp til den enkelte kommunen eller den enkelte arkivaren å avgjera korleis arkiva skulle organiserast. Noregs Heradforbund lanserte i 1951 arkivnøkkelen sin. Denne vart revidert i 1975 (Frå då kjent som NKS-nøkkelen). Arkivnøkkelen vart ein standard og dei fleste kommunar tok etterkvart nøkkelen i bruk på alle kommunale kontor unntatt landbrukskontoret som hadde eigne arkivnøklar spesialtilpassa fagfeltet sitt. Hovudprinsippet i nøkkelen var at sakene skulle klassifiserast på tal etter emne. 

Starten av 1990-talet markerte starten på ei endring i korleis kommunane vart organisert. Det vart innført ein ny kommunelov som ikkje stilte like strenge krav til korleis kommunane skulle organiserast, kva for stillingar kommunen måtte ha utover rådmann og rekneskapsjef, og kva for politiske utval kommunane skulle ha utover kommunestyre og formannskap. Loven opna opp for at kommunane sjølv kunne velje kva for oppgåver som låg under dei ulike utvala og kva for oppgåver som låg under dei ulike etatane og endra dette etter eige behov. Dette har ført kommunane vekk frå ein modell der alle kommunane var tilnærma lik organisert til eit kommunalt landskap der kvar enkelt kommune har sin eiga individuelle organisering. Der det tidlegare var vanleg med standardnamn som skulekontor og skulestyre vil ein no til dømes finna avdeling for oppvekst og kultur og hovudutval for oppvekst og kultur. I enkelte kommunar har det òg ført til hyppige namneskifte på avdelingar og politiske utval.

Den kommunale arkivnøkkelen vart òg totalrevidert og lansert som K-kodane. Det nye i nøkkelen var at bokstavklasser vart innførd i tillegg til talkodane. Mange kommunar tok raskt i bruk den nye nøkkelen, men enno er det kommunar i Hordaland som enno brukar NKS-nøkkelen.